torsdag 25. september 2008

Er omskjering av kvinner påbode i islam?

Omskjering av kvinner er ikkje eit ukjent fenomen. Det har blitt nemnt ein del i media og er eit mykje diskutert tema. Omskjering kan føre til store komplikasjonar helsemessig og er ekstremt smertefullt. Dei fleste som har som har gjennomgått kvinnelig omskjering lev i afrikanske land, men det er og nokon i Asia. Omskjering av kvinner er forbode i Noreg ved lov.

Det er og ei stor misforståing at omskjering av kvinner er påbode i islam. Faktum er at omskjering av kvinner oppstod lenge før islam vart til, og har eigentlig ingenting med religionen islam å gjere. Skikken blei først til i Egypt, med faraoane, og så ført vidare i generasjonar. Den er meir ein tradisjon enn eit påbod.

I Koranen står det faktisk ingenting som har med omskjering av kvinner å gjere. Sjølv om det ofte blir linka til islam er det berre eit fåtal av muslimar i verden som praktiserer dette.Omskjering av kvinner blir og praktisert av folk i andre religionar, som kristendommen, jødedommen og andre trosretningar.

Så at omskjering av kvinner er noko som religionen islam gir påbod om er berre tull. Det er ingen tekstar som kan gi grunnlag for noko slikt. Omskjering av kvinner er ein tradisjon og er ikkje på nokon måte påbode i islam.

lørdag 13. september 2008

Skapelsesberetningen Vs The Big Bang og evolusjonsteorien

I bibelen står det følgjande: ”Den sjuande dagen hadde Gud fullført hele sitt verk. Og Gud kvilte den sjuande dagen etter at han hadde gjort alt dette. Han hadde skapt verda .”

(For de interesserte står heile skapelsesberetninga på linken nedanfor)

http://www.bibelen.no/chapter.aspx?book=GEN&chapter=1

Grunnen til at eg tenkte at eg skulle skrive eit lite innlegg om dette var forsøket som blei gjort ved CERN tidligare denne veka. Der skal dei gjenskapa The Big Bang og prøve å finne ut korleis jorda eigentlig oppstod, av kva og korleis. Så, kva kan komme ut av resultatet av dette forsøket? Vil ein få skikkelige bevis på at The Big Bang fant stad, eller vil ein bare få 100 nye spørsmål ein treng svar på?

Det som kanskje dei fleste er einige om er at skapelsesberetninga som står i bibelen, at gud skapte verda på 7 dagar er rimelig ulogisk og lite sannsynlig. Evolusjonsteorien er og akseptert og blant dei fleste folk, både religiøse og ikkje religiøse.

Men det er folk som framleis held fast på skapelsesberetninga som fakta. Desse meinar at gud skapte jorda for rundt 10 000 år sidan og då skapte han det slik som det står i skapelsesberetninga i bibelen. Dette blir kalla kreasjonisme, og det er folk som meiner at verda blei skapt på ein guddommeleg måte med ein eller fleire mirakel. Det er og gjort ei undersøking i Amerika som fekk eit interessant resultat, den visar faktisk at det er ganske mange som meiner at det ikkje er bevis for evolusjonsteorien.
Her er linken til undersøkinga:

http://www.gallup.com/poll/14107/Third-Americans-Say-Evidence-Has-Supported-Darwins-Evolution-Theory.aspx

Men det at det er ei guddommeleg kraft bak både The Big Bang og evolusjonsteorien er jo ikkje heilt utenkelig. Tenk på alle tilfeldighetene rundt The Big Bang, det skal mykje til å få full klaff. Det at det blei mulig for små organismar å overleve på kloden vår er jo ganske fantastisk, og at desse utvikla seg til oss er jo endå meir ekstremt.

Men vil ein nokon gong få svar på desse spørsmåla? Eg trur uansett at det er for tidlig. Eg trur at me er klare for å det endå. Men menneske er nysgjerrige av natur så ein vakker dag kanskje me vil få svaret. Kven veit…

torsdag 11. september 2008

Er ein engel ei form for gud?

Englar blir i mange religionar beskrivne som åndelige vesen som er hjelparar til gud. Englar er ofte med i illustrasjonar av ”himmelen”, der gud held til. Dei er ofte på ein måte eit symbol på det guddommelige. Dei blir heller sett på som budbringarane eller tenarane til gud, enn ei form for gud i seg sjølv. Det me og gjer med englar, er at me ofte pyntar med dei og dette gjer ein ikkje med gud, i kristendommen i alle fall. Eg har aldri sett eller lese noko der englar blir beskrivne som gudar.Men ein tilber ikkje englar på same måte som ein tilber gud

Men visst me ser på gud som den øverste i ”himmelen”, så kan englar vere mindre ”gudar” visst ein ser det på denne måten. Englar er, i kristendommen, ofte i næreliken av gud og hjelp han/ho, og kan då derfor bli sett på som mindre ”gudar”, men med mindre makt enn gud med stor G.

Eg meiner at englar kan vere ei form for gud, men ikkje på same måte som Gud med stor G.