søndag 9. november 2008

Er buddha ein gud?

Buddha blir av mange sett på som ein gud. Men å kalle han ein gud på same plan som for eksempel Jesus er feil. Buddha var ein faktisk person som levde for rundt 2000 år sidan. Historie seier at han var ein indisk prins som levde isolert i luksus frå resten av verda, utan liding og død. Ein dag så gjekk han ut frå palasset sitt og såg korleis verda eigentlig såg ut. Dette gjorde at han starta å leite etter svar på korleis menneske skulle komme seg bort frå lidinga og døden i verda, korleis oppleve sann glede utan smerte. Han fann løysninga, og dette blir sett på som ei oppvakning av han, og derfor blir han kalla Buddha som tyder ”den oppvakne”.

Å sjå på Buddha som ein gud blir derfor feil, fordi han var ein faktisk person. Buddhistar ser ikkje på han som gud, men som ein eineståande person som ved eigen hjelp nådde oppvakning, innsikt.