tirsdag 28. oktober 2008

Kva er Karma?

Karma tyder handling. Dette er ein veldig god beskriving av karma. Karma omhandlar mykje, både små ting og andre aspekt ved verkelegheita som er så kompliserte at vanlege menneske ikkje kan forstå det.

Læra om karma er veldig gammal, det var til før buddhas tid. Den blei blant anna brukt i hinduismen. Men i læra til buddha fekk karma ein heilt spesiell plass. Han la spesielt vekt på at alle handlingar har eit motiv, og kva motiv ein har for den spesifikke handlinga er avgjerande for korleis det kjem til å påverka den som gjorde den handlinga.

Karma er og det at alle handlingar kjem med ein etterverknad som kjem tilbake på deg, negativ eller positiv. Det er på ein måte ein refleksjon av dine handlingar som sett seg i sjela som blir ført vidare. For å få god karma er gode gjerningar ein vesentlig del av kvardagen. Gode gjerningar gjer at ein byggjer opp forteneste som ein treng for å komme vidare i sin åndelege eksistens.

For å seie det enkelt, visst ein gjer gode gjerningar gir dette god karma, viss ein gjer dårlege gjerningar gir dette dårlig karma. God karma gjer at ein kan komme seg vidare i det åndelege livet, komme seg ut av gjenfødingssirkelen. Å forklare kva karma er kan ein bruke uendelig med tid på, det er betre å la seg følgje med, enn å starte å laga kompliserte teoriar. Karma er og universell, og den følgjer heller ikkje alltid oppfatninga vår om kva som er rett og gale. Karma er ei kraft som styrer naturen og livet på jorda.

søndag 5. oktober 2008

Hijab

Hijab er noko kvinner i muslimske land bruker for å dekke seg til, både ansikt, bein osv. Hijab treng ikkje bare bety klesplagg, men og korleis ein skal oppføre seg mellom kjønna.

Det er litt usikkert når ein starta å bruke dette. Nokon meiner det starta på 60- 70 talet, men mange muslimar seier at ein har brukt det i generasjonar . Det står ikkje direkte i koranen at kvinner skal bruke hijab, men det oppfordrer kvinner til å kle seg anstendig. Grunnen til at kvinner skal dekke seg til er å ikkje friste menn med kvinneligheten deira. Viss dei ikkje brukar den vil dei se ut som horer.

Å bruke hijab er av mange sett på som undertrykkande. Dei seier at det er heilt feil at kvinner skal dekkje seg til for å ikkje friste mannen. At det er bare tull at kvinner skal bli kalla horer fordi dei dekkjer seg til. I media blir og dei som brukar hijab oftast framstilt som undertrykkte.

Men mange muslimar likar faktisk å bruke hijab. Dei føler at dei får ein tilhørighet til religionen deira, og ser ikkje på hijaben som undertrykkande i det heile tatt.
Bruken av hijab er mykje diskutert, men eg trur det er opp til kvar enkelt om kva dei meiner om bruken av hijab. Nokre brukar det, andre ikkje. Men faktum er at å bruke hijab blir sett på som ein selvfølge, sjølv om det er nokon som velger å ikkje bruka det.