tirsdag 28. oktober 2008

Kva er Karma?

Karma tyder handling. Dette er ein veldig god beskriving av karma. Karma omhandlar mykje, både små ting og andre aspekt ved verkelegheita som er så kompliserte at vanlege menneske ikkje kan forstå det.

Læra om karma er veldig gammal, det var til før buddhas tid. Den blei blant anna brukt i hinduismen. Men i læra til buddha fekk karma ein heilt spesiell plass. Han la spesielt vekt på at alle handlingar har eit motiv, og kva motiv ein har for den spesifikke handlinga er avgjerande for korleis det kjem til å påverka den som gjorde den handlinga.

Karma er og det at alle handlingar kjem med ein etterverknad som kjem tilbake på deg, negativ eller positiv. Det er på ein måte ein refleksjon av dine handlingar som sett seg i sjela som blir ført vidare. For å få god karma er gode gjerningar ein vesentlig del av kvardagen. Gode gjerningar gjer at ein byggjer opp forteneste som ein treng for å komme vidare i sin åndelege eksistens.

For å seie det enkelt, visst ein gjer gode gjerningar gir dette god karma, viss ein gjer dårlege gjerningar gir dette dårlig karma. God karma gjer at ein kan komme seg vidare i det åndelege livet, komme seg ut av gjenfødingssirkelen. Å forklare kva karma er kan ein bruke uendelig med tid på, det er betre å la seg følgje med, enn å starte å laga kompliserte teoriar. Karma er og universell, og den følgjer heller ikkje alltid oppfatninga vår om kva som er rett og gale. Karma er ei kraft som styrer naturen og livet på jorda.

Ingen kommentarer: