onsdag 3. desember 2008

Er Jesus ein gud eller eit menneske?

Jesus er ein omstridt person. Nokon meiner han bare var eit vanleg menneske som prega kristendommen på sin måte, andre ber til han som om han var gud sjølv. Kva er eigentlig rett?

Det er stadfesta at det levde ein mann som heitte Jesus på den tida. I følgje bibelen var han guds son. Han gjorde fleire mirakel og han blei till slutt korsfesta og døydde, men stod opp 3 dagar seinare. Han blir ofte sett på som guds høgre hand, han som formidlar bodskapen vidare frå gud til menneska. Ut i får dette standpunktet blir han sett på som guddommeleg, som ein gud.

Men det er og dei som seier at han bare var eit usedvanleg godt menneske. At han faktisk var eit vanleg menneske av kjøtt og blod. Denne forklaringa er det og mange som trur på, sidan den er enklare og akseptere. Mirakel og uforklarlege hendingar som han skal ha gjort er lite sannsynlege. Men visst ein tenkar på det, kva er eigentlig mirakel? Det kan godt berre vere mangel på kunnskap. Berre tenk på då folk greidde å lage eld for første gong, blei ikkje det sett på som eit mirakel? Folk hadde jo ikkje sett dette før, altså eit mirakel.

Men tilbake til emnet. Jesus blir sett på som både gud og menneske. Det kjem heilt an på kva forhold ein har til han. Kristen eller ikkje. Ingen veit heilt sikkert og ein kjem sikkert heller ikkje til å få vite det.