I bibelen står det følgjande: ”Den sjuande dagen hadde Gud fullført hele sitt verk. Og Gud kvilte den sjuande dagen etter at han hadde gjort alt dette. Han hadde skapt verda .”
(For de interesserte står heile skapelsesberetninga på linken nedanfor)
http://www.bibelen.no/chapter.aspx?book=GEN&chapter=1
Grunnen til at eg tenkte at eg skulle skrive eit lite innlegg om dette var forsøket som blei gjort ved CERN tidligare denne veka. Der skal dei gjenskapa The Big Bang og prøve å finne ut korleis jorda eigentlig oppstod, av kva og korleis. Så, kva kan komme ut av resultatet av dette forsøket? Vil ein få skikkelige bevis på at The Big Bang fant stad, eller vil ein bare få 100 nye spørsmål ein treng svar på?
Det som kanskje dei fleste er einige om er at skapelsesberetninga som står i bibelen, at gud skapte verda på 7 dagar er rimelig ulogisk og lite sannsynlig. Evolusjonsteorien er og akseptert og blant dei fleste folk, både religiøse og ikkje religiøse.
Men det er folk som framleis held fast på skapelsesberetninga som fakta. Desse meinar at gud skapte jorda for rundt 10 000 år sidan og då skapte han det slik som det står i skapelsesberetninga i bibelen. Dette blir kalla kreasjonisme, og det er folk som meiner at verda blei skapt på ein guddommeleg måte med ein eller fleire mirakel. Det er og gjort ei undersøking i Amerika som fekk eit interessant resultat, den visar faktisk at det er ganske mange som meiner at det ikkje er bevis for evolusjonsteorien.
Her er linken til undersøkinga:
http://www.gallup.com/poll/14107/Third-Americans-Say-Evidence-Has-Supported-Darwins-Evolution-Theory.aspx
Men det at det er ei guddommeleg kraft bak både The Big Bang og evolusjonsteorien er jo ikkje heilt utenkelig. Tenk på alle tilfeldighetene rundt The Big Bang, det skal mykje til å få full klaff. Det at det blei mulig for små organismar å overleve på kloden vår er jo ganske fantastisk, og at desse utvikla seg til oss er jo endå meir ekstremt.
Men vil ein nokon gong få svar på desse spørsmåla? Eg trur uansett at det er for tidlig. Eg trur at me er klare for å det endå. Men menneske er nysgjerrige av natur så ein vakker dag kanskje me vil få svaret. Kven veit…
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Detta her var fint. Likte hvordan du trakk inn forskjellige faktorer og eksperiment, og at innlegget ditt er "up-to-date". Bra du skriver kildene du har brukt! Thumbs up for you, mr. Oddbjørn.
Fint innlegg:) eg er trur at resultatet av det dei finn ut ved CERN kjem til å få oss til å lure på nye spørsmål om vår eksistens. Eg kan forstå dei som veljar å tru at det er ei guddommeleg kraft som har vore bak Big Bang, sidan det er så tilfeldig at dette har skjedd. Men for min del trur eg på Big Bang og evolusjonsteorien.
Legg inn en kommentar